Professor og spelemann, endelig på nett med sine beste album

SVEN NYHUS

f. 1932 på Røros


har sidan 1990 vore professor i folkemusikk ved

Norges Musikkhøgskole i

Oslo.

 

Den nærmest legendariske

SVEN NYHUS KVARTETT

starta i 1969 og besto av

Sven Nyhus (fele/hardingfele),

trekkspelaren Tore Løvgreen frå Kongsberg samt Håkon Nilsen (bass) og Jan Erik Kongshaug (gitar).

På albumet BERGROSA utvida Sven Nyhus til kvintett, med Arne Moslåtten (Hellbillies) på blokkfløyte.

Sven Nyhus' fine innspillinger fra de 5 album du ser her, er alle tilgjengelige på nettet - for nedlasting og streaming.


Sven Nyhus er kjent som ein framifrå spelemenn, ikkje minst frå eit utal radio- og fjernsynsprogram. Han er født på Glåmos ved Røros, som eldste son i ein svært musikalsk familie. Faren, Peder Nyhus , 1905-1994, var framståande spelemann og tradisjonsberar av den gamle Røros-musikken. Alt som ni-åring fekk Sven denfyrste fela si, og som 18-åring kunne han han heile repertoaret til far sin, noko over200 slåttar. Fram til 1952 var Sven Nyhus aktiv spelemann i Rørostraktene, på dansefestar og i bryllaup. Etter Landskappleiken på Røros i 1950 tok han initiativet til å skipa Glåmos Spellemannslag, samtidig som han var i gang med nedteikning av lokal slåttemusikk på notar.
Forfattaren Johan Falkbergetvar ein av dei som fatta interessefor den talentfulle unge spelemannen,og oppmuntra han til å utvikle dei musikalske evnene sine vidare.Sven Nyhus reiste difor til Oslo, der han i1956 tok eksamen som orkestermusikar ved Musikk-konservatoriet.Deretter var han solobratsjist iorkestra ved Nationaltheatret, Operaorkesteret og Kringkastingsorkesteret. 

Frå 1961-1971 var han tilsett i Filharmonisk Selskaps Orkester. Men i 1971 var det at professor Olav Gurvin og Eivind Groven fekk lokka han attende til folkemusikken.

Arbeidet med det sju band store Hardingfeleverket var i gang,og Sven Nyhus vart engasjert med transkripsjon (nedteikning av slåttar (på notar). Arbeidet med å handteikne hardingfeleslåttar ga han kjennskap tilbåde slåttemusikken og spelemennene i heile hardingfele-Norge.

I 1978 vart han sjef for Folkemusikkavdelinga i NRK etter Rolf Myklebust. Frå 1990 er han altså professor i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole. Samstundes har han arbeida vidare med nedteikning av gamalt slåttemateriale på Norsk Folkemusikksamling ved Universitetet i Oslo. Han har gitt ut fire større slåttesamlingar : "Pols i Røros-tradisjon" i 1973,"Felklang på Rørosmål" i 1983, "Grieg-slåttene" i 1993 og "Lyarlåttene i Valdres" i 1996. Saman med professor Bjørn Aksdal har han også gjeve ut "Fanitullen", ei innføring i norsk og samisk folkemusikk, Universitetsforlaget i 1993.


TWEB 2021 Solo fele og hardingfele
This text will be replaced